The Fame er debutalbumet til den USA-amerikanske musikaren Lady Gaga, utgjeve 19. august 2008 av Interscope Records. Musikkstilen hentar inspirasjon frå 80-tals elektropop og synthpop, og blandar inn element frå dansemusikk.
Dei to første singlane frå The Fame, «Just Dance» og «Poker Face» vart begge internasjonale slagerar i 2008. Andre singlar frå albumet femner «Eh, Eh (Nothing Else I Can Say)», «LoveGame», og «Paparazzi». Gaga fremja albumet sitt ved å opptre live, mellom anna gjennom turneen The Fame Ball Tour. The Fame følgjer med som ei bonusplate på deluxe-utgåva av det andre studioalbumet til Gaga, The Fame Monster.
Albumet har for det meste fått positive kritikkar, og gjekk inn som nummer 1 på topplistene i land som Storbritannia, Irland, Tyskland, Austerrike, Sveits og Canada. På verdsbasis har albumet selt over 12 millionar eksemplar.[1]