Ein neologisme[1] (av greskνέος, (neos), «ny» og λόγος (logos), «ord», «tale»), òg kalla nyord, er eit nytt ord i språket. Nokre neologismar seier noko om tekniske framsteg, som til dømes ord for nye produkt og oppfinningar, medan andre seier noko om samfunnsendringar, som til dømes ord for nye samlivsformer.