Kfar Saba
| Kfar Saba | |||
| by | |||
|
|||
| Namneopphav: Bestefar-landsbyen/Sabalandsbyen | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Distrikt | Sentral | ||
| Koordinatar | |||
| Areal | 14,17 km² | ||
| Folketal | 83 600 (2009) [1] | ||
| Folketettleik | 5 900 / km² | ||
| Grunnlagd | 1903 | ||
| - Bystatus | 1962 | ||
| Borgarmeister | Yehuda Ben-Hamo | ||
| Wikimedia Commons: Kfar Saba | |||
| Nettstad: www.kfar-saba.muni.il (he) | |||
Kfar Saba (hebraisk skrift כְּפַר סָבָא), offisielt Kfar Sava, er ein by i Sharon-området i Sentral-Israel i Israel. Mot slutten av 2009 hadde Kfar Saba eit folketal på 83 600.[1]
Innhaldsliste
Historie[endre | endre wikiteksten]
Busetnaden fekk namn etter rabbi Abraham Saba, som skreiv boka Zeror ha mor.
Antikken[endre | endre wikiteksten]
Kfar Saba var ein viktig busetnad i tida under Det andre tempelet,[2][3] og er nemnt første gongen i notata til Josefus, der han fortel om forsøket til Alexander Jannaeus om å stoppe invasjonen frå nord leia av Antiokhos (Antiquities, bok 13, kapittel 15). Kfar Saba er òg nemnt i Talmud i samband med korntiende og Capharsaba morbær-fikentre.[2]
Utgravingar på staden har avdekt eit stort romersk bad. I bysantinsk tid vart ruinane av badet først omgjort til fiskedammar, og seinare som ein del av eit industriområde.[4]
Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]
I 1596 var den arabiske landsbyen Kafr Saba busett av 42 muslimske familiar.[5] I 1870-åra vart han skildra som «ein leirsteinslandsbyen av moderat storleik med gjørmhol kring seg og gode vasstilhøve i brunnar i Neby Yemin i aust.»[6] Den jødiske byen Kfar Saba vart grunnlagd i 1898 på 7 500 dekar land som vart kjøpt frå den arabiske landsbyen.[7] Trass i marknadsføring i Jerusalem og London, klarte ein ikkje å selje teigar til privatfolk, sidan landområdet låg aude til i eit område med få jødiske busetjingar.[3] Den osmanske pasjaen Nablus, som styrte landområdet, nekta å gje ut byggeløyve, og dei første nybyggjarane måtte derfor bu i hytter av leire og siv. Dei levde av å dyrke mandlar, druer og oliven. Dei første arbeidarane var bønder frå Qalqilya. Først i 1912 vart det gjeve byggløyve og innbyggjarane flytta inn i permanente hus.[3]
Under Palestina-felttoget under fyrste verdskrigen, låg Kfar Saba ved frontlinja mellom den britiske arméen til general Allenby og den osmanske armeen, og vart øydelagd. På denne tida kom kring tusen innbyggjarar frå Tel Aviv og Jaffa for å busetje seg i byen. Dei hadde blitt deporterte frå heimane sine av osmanarane.
Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]
På grunn av Jaffa-opprøra i 1921 kunne desse deporterte innbyggjarane flytta attende til dei opphavlege heimstadane sine. I 1922 kom dei opphavlege innbyggjarane tilbake til landsbyen, og fekk i 1924 med seg fleire folk. I denne perioden byrja dei å dyrke sitrusfrukter. Staden fekk då status som lokal kommune.[8]
Staten Israel[endre | endre wikiteksten]
I månadane fram til krigen i 1948, vart Kfar Saba angripe av lokale, arabiske militssoldatar Kafr Saba. Den arabiske frigjeringshæren (ALA), ein armé som bestod av frivillige frå fleire kringliggande arabiske land, sendte soldatar for å støtte opp om desse åtaka.[9] I 1962 fekk Kfar Saba bystatus.[10]
Byen ligg like over Den grøne linja for Kalkilya og har ofte vorte utsett for terroriståtak. I mai 2001 tok ein palestinsk-arabisk sjølvmordsbombar med eit bombebelte livet av ein lege og skadde 50 ved ein busstopp i Kfar Saba.[11] I mars 2002 opna ein palestinsk terrorist eld mot forbipasserande ved eit stort vegkryss og tok livet av ei israelsk jente, og skadde 16 andre, før han sjølv vart skoten og drepen.[12] I april 2003 sprengde ein palestinsk sjølvmordsbombar seg sjølv på Kfar Saba togstasjon i rushet om morgonen, og tok livet av ein tryggleiksvakt og skadde ti sivile.[13]
Demografi[endre | endre wikiteksten]
I 1922 hadde Kfar Saba 14 jødar.[14] I folketeljinga i 1931 hadde talet vokse til 307 jødar, 9 kristne og ei ikkje-religiøs kvinne.[15] I 1945, hadde byen eit folketal på 4 320 jødar.[16]
I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var den etniske samansetjinga i 2001 99,9 % jødar og 0,1 % andre.
Arkeologi[endre | endre wikiteksten]
Det er gjort funn av ein eldgamal, israelittiske landsby aust for byen, som ein trur kan vere ruinane av den bibelske byen Kafarsaba. Kfar Saba arkeologiske museum syner funn frå området.[17]
Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]
Kfar Saba er venskapsby med:
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kfar Saba» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 12. april 2015.
- ↑ 2,0 2,1 The Origin of the Name Capharsaba Kfar Sava Municipal Council
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Vilnai, Ze'ev (1976). «Kefar-Sava». Ariel Encyclopedia. Volume 4. Israel: Am Oved. s. 3790–96. (he)
- ↑ I følgje Ayalon, 1982. Sitert i Petersen, 2002, s.233
- ↑ Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). «Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century». Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 140.
- ↑ C. R. Conder and H. H. Kitchener, The Survey of Western Palestine, II, p134.
- ↑ Carl Hoffman (17. juni 2009). «Pride and preservation». The Jerusalem Post. Henta 5. oktober 2014.
- ↑ Historie Kfar Saba Municipal Council (he)
- ↑ Benny Morris, 1948: A History of the First Arab-Israeli War, Yale University Press, s. 164
- ↑ Mordechai Surkis: Public Activities Knesset website
- ↑ Jessica Steinberg (2001-05-04). «Israeli yuppie town of Kfar Saba now finding itself on the front line of the battle with the Palesti». JWeekly.com. Jewish Telegraphic Agency. Henta 30. mars 2015.
- ↑ «security: Suicide attacks in Kfar Saba and Jerusalem kill one israelske». israelinsider. 2002-03-17. Henta 30. mars 2015.
- ↑ «Guard killed and 10 hurt in Israel suicide attack». The Independent. 2003-04-24. Henta 30. mars 2015.
- ↑ Report and General Abstracts of the Census of 1922. Table VII.
- ↑ Census of Palestine 1931, Population of landsbyar, Towns and Administrative areas. p14
- ↑ Village Statistics 1945
- ↑ TravelNet in cooperation with Israel museums. «Arkeologi Museum of Kfar Saba». Ilmuseums.com. Henta 27. april 2015.
- ↑ «Wiesbaden's international city relations». Henta 24. desember 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Offisiell nettstad (he)
- Kfar Saba Museum (he)
- Kfar Saba Portal (he)
Sentrale distriktet i Israel | ||
|---|---|---|
| Byar | El'ad · Giv'at Shmuel · Hod HaSharon · Kafr Qasim · Kfar Saba · Kfar Yona · Lod · Modi'in-Maccabim-Re'ut · Ness Ziona · Netanya · Petah Tikva · Qalansawe · Ra'anana · Ramla · Rehovot · Rishon LeZion · Rosh HaAyin · Tayibe · Tira · Yavne · Yehud-Monosson | |
| Lokale kommunar | Be'er Ya'akov · Beit Dagan · Bnei Ayish · Elyakhin · Even Yehuda · Gan Yavne · Ganei Tikva · Gedera · Jaljulia · Kafr Bara · Kiryat Ekron · Kokhav Ya'ir · Mazkeret Batya · Pardesiya · Savyon · Shoham · Tel Mond · Tzoran-Kadima · Zemer | |
| Regionale kommunar | Brenner · Gan Raveh · Gederot · Gezer · Drom HaSharon · Heferdalen · Hevel Modi'in · Hevel Yavne · Hof HaSharon · Lev HaSharon · Loddalen · Nahal Sorek | |
| Sjå òg | Gush Dan · Sharonsletta | |
Israelske byar med minst 50 000 innbyggjarar | |
|---|---|
| 200 000 og meir | Jerusalem (Vest) · Tel Aviv · Haifa · Rishon LeZion · Ashdod · Petah Tikva |
| 100 000–199 999 | Beersheba · Holon · Netanya · Bnei Brak · Ramat Gan · Bat Yam · Rehovot · Ashkelon |
| 50 000–99 999 | Herzliya · Kfar Saba · Ra'anana · Hadera · Beit Shemesh · Modi'in-Maccabim-Re'ut · Lod · Nasaret · Ramla · Giv'atayim · Rahat · Nahariya · Kiryat Ata |
|