
Fjorårets julegåve-masseproduksjon…Uglehuene var kjekke og enkle å strikke, og sit bra på. Veslefrøkna i huset har fått ei også, og ber insisterande “uuhuuu! uhuuu!” om ho ser den og ikkje får ha den på…Ideen såg eg først hos Merete, og etter eit triveleg strikkebesøk med ein tidlegare kollega mota vi oss opp og printa ut mønsteret. Det var slett ikkje vanskeleg å få til, trass i engelsk mønster og null erfaring med flette-/kabelstrikk. Til mi forundring klarar eg ofte meir enn eg trur!











Siste innspel