Dette skiltet sydde eg til farmor for ein del år tilbake. Eg kan hugse at eg var veldig fornøgd då eg hadde laga det, så det må vere nokre år sidan. Eg fann ideen i ei bok, og gjorde nokre personlege vriar. Tekstiltusjbokstavar har lenge vore ein del av mitt repertoar…Om du studerer detaljane så er faktisk dorullen laga av ein bitteliten trebit og ståltråd, under det påsydde toalettpapiret! No er skiltet blitt mitt igjen ettersom farmor ikkje treng doskilt i himmelen. Om eg kjem til å ha det hengande framme er heller tvilsamt. Har prøvd ein periode, men det glir liksom ikkje inn. Det havnar enn so lenge i “ting-frå-farmor-kassen”.
Det er heller liten hobbyproduksjon i heimen for tida, men desto meir oppussing. Hobbyrommet er overfylt med midlertidig plasserte møblar og klede, men det nærmar seg ein ende for entrêprosjektet. Og det blir veldig bra! God helg til alle sammen!
























Siste innspel