Shinto
Shinto (japansk 神道, shintō) eller shintoisme er ein japansk religion med før-buddhistiske røter. Shinto er eit polyteistisk system som legg vekt på bøn og ritual. Sentralt står trua på kami, gudar eller ander som kan finnast i alt og vyrdast. Kamiar kan representera alt frå naturfenomen og skaparkrefter til forfedrar og keisarar. I løpet av historia har shintoisme og japansk buddhisme påverka kvarandre slik at shintogudar og buddhafigurar blei sameinte i mange tempel, eller at ein kan dyrka guddommar frå den eine religionen i tempel frå den andre.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Leeming, David (2001), «Shinto», A Dictionary of Asian Mythology, Oxford University Press, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780195120523.001.0001/acref-9780195120523-e-398, henta 16. mars 2016