Nettlesaren Firefox Focus

Gjer det meir privat med automatisk annonseblokkering og sporingsvern på iOS og Android.

Funksjonar

  • Gløym annonsesporarane

    Blokker annonsar med skumle sporfølgjarar som i løynd samlar inn data om deg. Firefox Focus vil ikkje hugse deg, og det vil heller ikkje dei.

  • Start på nytt

    Slett heile nettøkta — passord, historikk, infokapslar — berre med eitt klikk, når du vil.

  • Surf raskare

    Surf lettare og problemfritt ved å blokkere irriterande annonsar som seinkar farten og tolmodet ditt.

Meir friheit

Å følgje straumen er ikkje vår stil. Som ein del av den ideelle organisasjonen Mozilla, leiar Firefox kampen for å verne om rettane dine på nettet, og vi kjempar for eit Internett som kjem alle til gode — ikkje berre dei få.

Surf fritt med Firefox

Meir yting

Kom igjen, Internett! Vi har brukt det siste året med å forbetre ytinga til Firefox. Oppstarten er no raskare, du kan snøggare byte mellom faner og rulling på sidene skjer no kjempefort.

Få meir gjort med Firefox