Kontroller programtillegga dine

Programtillegg vert nytta i videoar, animasjonar og spel i Firefox. Hald eit auge med statusen deira og hald dei oppdaterte.

Hugs å starta Firefox på nytt etter å ha utført alle tilrådde oppdateringar.

Vanlege spørsmål om programtillegg

Treng du hjelp? Besøk Mozilla Support.

Kva er eit programtillegg?

  • Programtillegg er programvare som vert brukt for video, animasjon og spel i nettlesaren.
  • Dei er bygde utanfor Firefox av selskap som Adobe Systems og Apple.

Kvifor bør eg oppdtarera programtillegga mine?

  • Gamle programtillegg aukar risikoen for å bli angripen av skadeprogramvare, virus eller andre tryggingstrugsmål. Dei kan også vera årsak til avbrot som negativt påverkar nettlesaropplevinga di.
  • Oppdaterte programtillegg gjer at nettlesaren din fungerer feilfritt og sikkert.
  • Programtillegg oppdaterar seg ikkje alltid automatisk, så det er opp til deg å kontrollera dei med jamne mellomrom.

Korleis kan Firefox hjelpa meg?

I framtida vil Firefox oppdatera programtillegga for deg. Fram til det skjer, bør du med jamne mellomrom sjekka denne sida og oppdatera programtillegga dine for å vera trygg.

Korleis kan eg sjå kva for programtillegg eg har installert i Firefox?

Vi har automatisk oppdaga programtillegga dine ovanfor. Om du vil sjå alle programtillegga som er installerte i Firefox, følgjer du desse stega i nettlesaren på datamaskina di:

  1. Opna menyen.
  2. Vel utvidingar.
  3. Trykk på Programtillegg-fana.

Korleis slå av eit programtillegg?

I Firefox for datamaskiner:

  1. Opna menyen.
  2. Vel utvidingar.
  3. Trykk på Programtillegg-fana.
  4. Trykk på nedtrekkslista ved sidan av utvidinga du vil slå av.
  5. Vel «Aldri aktiver» frå dei tilgjengelege vala.

Åtvaring: Om du slår av eit programtillegg vil det vera enkelte ting du ikkje lenger kan gjera. Til dømes, dersom du slår av Flash, vil du ikkje kunne sjå videoar på populære nettstadar for strøyming av video.

Opp