Tom Waits til nynorsk i løpet av ei halv flaske raudvin
August 10, 2013 § 1 Comment
Take it with me
(frå langspelplata Mule Variations)
Linja er stum
Ingen veit kvar vi er
Det er ei stund sidan eg
drakk for å sjå
Fjorden er blå
Dine auge óg
Eg tek det vel med meg / når eg dreg
Gamal tid dro forbi
Til ein gong da vi
Bodde inni fjorden
Gode ting blir her
når dei døyr
Eg tek det vel med meg / når eg dreg
Fløyta frå ferja
bles rundt neste nes
Kor du er no
Kor du enn sto
Og vinka til meg da sola gjekk ned
Du kom ombord, over
fjord – til fred
Når eg på kne
ved vegar i le
er eg både på straum og stum
Har sett gjennom alt
før det falt
Men eg tek det vel med meg / når eg dreg
Leik full av liv
mot slutten på dag
Framande syng ved meg og mi
Må vere meir sett
Enn kjøtt og skjelett
Og alt det du elska
er berre ditt
I eit land finns ein by
Og i byen er ly
Og i huset er ei kvinne
Og kvinna har eit hjarte for meg
Men eg tek det vel med meg / når eg dreg
Men eg tek det vel med meg / når eg dreg